Estarane les Fosse, Loe og Hamsun og veit meir om Noreg enn enkelte nordmenn veit om … ja forresten, kor er Estland?
Kva kulturelle og litterære kontaktar har det vore mellom Estland og Noreg?
Kva estisk litteratur finst på norsk, og kva rører seg i estisk litteratur no?
Dette og meir til høyrer vi meir om i møte mellom tospråkleg poet og omsetjar Øyvind Rangøy, omsetjar og formidlar av norsk litteratur Sigrid Tooming, poet, noregsvenn og folkesongentusiast Veronika Kivisilla, litteraturvitar og kritikar Janika Kronberg og forfattar, kulturteoretikar og polyglott Rein Raud.
Arrangementet er gratis og arrangert i samarbeid mellom Norsk-estisk forening, Estlands forfattarforeining (EKL) og Estlands ambassade i Oslo. Det vil bli servert kaffi og te.