Skjerp deg, formante han seg selv. Finn en parkeringsplass. Gå ut av bilen. Finn fram til avdelingen hvor han ligger. Ikke kjør inn i noe.
I Nikolaj Frobenius’ roman Så høyt var du elsket blir hovudpersonen Emil vekt midt på natta. Faren har fått hjerneslag, og Emil må kome til sjukehuset med ein gong. Det neste året er faren ut og inn av sjukehus og heimen medan han blir stadig meir svekt, og til slutt er det over.
Medan Frobenius skreiv boka si etter å ha følgt farens veg mot grava, byrja Marta Breen sitt bokprosjekt då ho fekk positivt utslag på graviditetstesten. I sakprosaboka Rosa streker – røde tall går ho fødselsomsorga i eit av verdas rikaste land nærmare etter i saumane. Kvifor har det ein før kalla «beredskap» skifta namn til «overkapasitet», og kvifor har ein i Noreg kutta seg til kaos og fødande på gangen?
To forfattarar møter helsevesenet i nokre av dei mest skakande augneblinkene av livet. Korleis skriv ein skjønnlitterært og faglitterært om spørsmål som går ein så nært inn på livet, som er så private, og samstundes så allmenngyldige og politiske? Nikolaj Frobenius og Marta Breen talar med journalist Marte Spurkland om å vere forfattar midt i ei verd av kvite frakkar.
Kjelleren Litteraturhuset Med Nikolaj Frobenius og Marta Breen