Forfattarmøte med Lars Mæhle

Skulebesøk for ungdomskulen

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Forfattermøter våren 2019 Skulebesøk for ungdomskulen

16 år gammal blir Simon flytta til sin tredje fosterheim, langt ifrå Oslo, i ein liten dal på Vestlandet. Taktikken hans er å vere hard, halde maska og slåst når det må til. Men her treffer han dei tre bøllene Sindre, William og Samuel, mobbeofferet Pippin og den blåhåra Kaja som veit alt om himmelrommet. No må Simon finne ut av kven han er, og kva slags menneske han har lyst til å vere.

Lars Mæhle har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne og har mellom anna vunne Kulturdepartementets litteraturpris og Uprisen. Andromeda er den sjuande ungdomsromanen hans. No kjem han for å prate om mobbing, venskap, universet og om å vere tøff og mjuk på same tid.

Det blir forfattarmøte måndag 11., tysdag 12. og onsdag 13. mars kl. 09.30 og 12.00. Møtet varer om lag 45 minutt. Påmelding til skole@litteraturhuset.no.

Litteraturhuset Wergeland Skolebesøk For barn og unge https://www.facebook.com/events/284141012285900/ Fulltegnet

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!