Forfattarmøte med Sunniva Relling Berg

For ungdomsskuleelevar

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

For ungdomsskuleelevar

Ilias har gjort noko han ikkje skulle ha gjort. Og no må han ta med veslesyster si, Amira, som ikkje er meir enn ni år, og rømme frå asylmottaket. Men kor skal dei dra? Dei legg i veg over vidda, det er kaldt og snø over alt, og bak dei kan dei høyre ein snøskuter som jaktar på Ilias. Kan nokon hjelpe dei? Er det nokon som vil hjelpe dei?
Det handlar om to mindreårige asylsøkjarar i Sunniva Relling Bergs vakre forteljing Polarnatt. Ei historie om to utsette unge liv i eit kaldt Noreg. Men kanskje er ikkje alt berre kaldt likevel? Hjelparar finst! Og kjærleiken og samhaldet mellom dei to syskena kan også tine frosten.
Dette er tredje ungdomsbok skriven av Relling Berg. Utfor, frå 2011, blei nominert til Brageprisen. Polarnatt er utgitt i samarbeid med foreininga Leser søker bok, og dei er også medarrangør på desse skulebesøka.
Det blir tre forfattarmøte både måndag 24. og tysdag 25. februar, kl. 9.30, kl. 10.45 og kl. 12.00. Dei varer om lag 45 minutt.

Påmelding til skole@litteraturhuset.no.

Litteraturhuset Leser søker bok Wergeland For ungdomsskoler Gratis. Påmelding til skole@litteraturhuset.no. Skolebesøk For barn og unge Forfattermøter vår 2020

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!