Dette er kvelden då dei som likar å bli skremde kan møte heile tre forfattarar som likar å skremme. Jon Ewo, Arne Svingen og Ingunn Aamodt har skrive grøssarserien Marg og Bein. Dei kan mykje om livsfarlege spådommar, etterlatne hus, kannibalar, gravplassar og kva som skjer med ulydige ungdommar som utfordrar lagnaden. På dei dødes dag fortel dei meir enn gjerne om dette.
For ungdom frå 9-13 år.
Nedjma Litteraturhuset Arne Svingen, Ingunn Aamodt og Jon Ewo