Karl Ove Knausgård er den einaste som nokosinne har vunne Kritikerprisen for ei debutbok, og ein av få som har vorte nominert til Nordisk Råds litteraturpris for andreutgjevinga si. Med ei viss overrasking mottok Bok-Noreg nyhendet om at eit beinrealistisk, sjølvbiografisk verk i seks band vert avslutninga på trilogien Knausgård varsla med Ute av verden i 1999.
Godt då at reaksjonen frå kritikarane var like storslått som sidetalet (to tusen sju hundre): «En sjelden bragd. Ingen i hans generasjon når opp mot Karl Ove Knausgårds kombinasjon av fortellertalent, stil, observasjonsevne og originale tanker», skriv Ane Farsethås i DN, mens Dagbladets meldar slår fast at «litteratur er som oftest overvurdert. Karl Ove Knausgård er det ikke».
Litteraturhuset slutter seg til Aftenpostens tilråding om å «komme i gang med første bok snarest mulig», og helst før Knausgård innter scena saman med Tore Renberg.
Arrangementet er utsolgt, men det blir gratis direkteoverføring på storskjerm til andre rom på huset.
Wergeland Litteraturhuset Tredje bok, seks bind