Kvit Søppel

Med Jenny Hval og Inger Bråtveit

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

«Om WHITE THRASH-jenter, kvinner og mødrer, Britney Spears eller anyone who goes by the name Paris Hilton, wants to be Paris Hilton, knows Paris Hilton, or has spent one night in Paris Hilton. For du treng ikkje vera fattig for å vera white trash.»

Jenny Hval er forfattar og musikar og fekk overveldande kritikkar då hennar siste musikkalbum kom ut no i vår. Inger Bråtveit har skrive to romanar og har ein litterær finger med i alt frå bibelomsetjing til poetiske undersøkjingar av erotikk (Loveprojekt, 2009). Dei to har arbeidd saman lenge og har tidlegare mellom anna skrive og framført dei performative framsyningane Frå Mummy Big til Medea og Take My Voice. No inntek dei Litteraturhuset med eit nyprodusert tingingsverk som blir litt konsert, litt opplesing og litt noko heilt anna.

«S P R Å K E T bak SPRÅKET i T H R A S H E T, finna symfonien av dei krakelerte, polerte og kondemnerte stemmene, og dei unge mødrene utanfor NAV, utan barnefar.» Hval og Bråtveit er opptekne av kva som skjer når språk blir lyd, og kor grensa mellom tekst, litteratur og musikk skal setjast. Når bikkar stemma over frå å vera noko som formidlar ord, til å bli rein lyd? Før dei stemmer instrumenta og språket, samtalar dei med redaktør for Vinduet Audun Vinger om arbeidet med prosjektet og om kvifor dei begge ville skriva om akkurat søppel.

Foto av Inger Bråtveit: © Cato Lein
Foto av Jenny Hval: Rolf M. Aagaard

Wergeland Litteraturhuset Med Jenny Hval og Inger Bråtveit

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!