Onsdag 15 mai blir det lanseringsfest for forfattar og sosiolog Unn Conradi Andersen sin nye roman. Høyr henne i uformell samtale med Sara Johnsen (forfattar og filmskapar).
I romanen møter vi Siv som lever eit regelmessig liv. Ho foreles i kunsthistorie og lar ingen kome tett innpå seg. Men ein dag fell ho for Jack, og tilværet blir snudd på hovudet. Jack er kvinne, livnærer seg som boksetrenar og er annleis alle andre. Men det gjer vondt å elske Jack, for kven er ho eigentleg? Ganske raskt veks ulikskapen mellom dei to, og bakgrunnen til Jack spelar seg ut på uventa måtar.