Lønns metode

Novellemeister og romankunstnar

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Øystein Lønn debuterte som forfattar i 1966 og var nok lenge ein løyndom for mange, inntil han på 90-talet slo stort gjennom med novellekunsten sin. I 1993 fekk han både Brageprisen og Kritikarprisen for Thranes metode og andre noveller. Tittelnovella vart seinare filmatisert av Unni Straume med Bjørn Sundquist og Petronella Barker i hovudrollene, noko som gjorde Lønns univers kjent for endå fleire. Filmen er ein klassikar frå denne perioden i norsk film og vart for nokre år sidan kjøpt inn til arkivet til Museum of Modern
Art i New York. I 1996 vann Lønn så den høgthengande Nordisk Råds litteraturpris for novellesamlinga Hva skal vi gjøre i dag? I vår avrundar Lønn ein romantrilogi som han byrja på i 2001 med Ifølge Sofia. Den no avdøde kritikaren Øystein Rottem skreiv i Dagbladet
den gongen at Lønn med denne romanen stadfesta posisjonen sin som «en av de ypperste stilister i moderne norsk prosadiktning». Oppfølgjaren Simens stormer kom to år etter og baud ifølgje meldaren i Aftenposten på «krass og virtuos skrivekunst». Det skulle altså ta sju år før siste side var skriven i Etter Sofia, men forfattaren sjølv avviser overfor Dagsavisen at det skulle vere teikn på skrivesperre: «En bok følger sin egen rytme, og det er ikke alltid det lar seg gjøre å tvinge den fram.» Øystein Lønn stiller til samtale med Kjartan Fløgstad, som ser fram til å møte ein høgt verdsett kollega på scenen til Litteraturhuset. Petronella Barker les.

Singelkuttet: Ingvill Solberg

Wergeland Litteraturhuset Novellemeister og romankunstnar

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!