Mamma skal vere god

2000-tallets mor i litteraturen

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

I 1990-åra auka alderen for førstegongsfødande kvinner sterkt. Utdanning, opplevingar og prøving av partnarar dominerer no tjueåra, noko som gjev god tid til å førestelle seg framtida. Familielivet har nær sagt vorte ein arena for livsstil og sjølvrealisering. Me kler ungane opp i dansk retro, investerer i vaklevorne designvogner på høge bein og les om kor lukkelege me er med det i glansa blad som heiter Mamma. Midt i denne røynda står Tove, mora i Kjersti Kollbotns debutroman, Eg er mamma. Eg skal vere god. Sedd utanfrå er ho velluka, der ho hentar og leverer, skjøttar jobben som vegingeniør og sjekkar menn på fest, men heime er ikkje ting som dei skal. Mora som ikkje greier, har alltid vore tabu. Denne boka kjem nok ikkje til å endre på det, men gjer sitt for å røske opp i myten om at morskjærleik er ein gjeven storleik.

Hanne Ørstavik er ein av norsk litteraturs finaste observatørar av menneskelege relasjonar, tankar og haldningar. Romanane Like sant som jeg er virkelig og Tiden det tar dreiar rundt vonde mor–dotter-forhold, medan romanen Kjærlighet gjev ei intens og gripande skildring av avstand mellom mor og barn.

Dagens mødrer er sjølve fødde inn i ein generasjon som kanskje mindre enn nokon annan var førebudd på oppofringa og fokusforskyvinga foreldrerolla inneber. Dette er noko av utgangspunktet for Helle Vaaglands bok Heia mamma, som ho skreiv saman med venninne og NRK-kollega Anne Sandvik Lindmo.

«Norske foreldre går gjennom eld og vatn for ungane sine», sa minister Bård Vegar Solhjell nyleg, for å gjere kort prosess med kritikarane av tidleg barnehagestart. Den røynsla har Joanna Rubin Dranger, kjend for boka Frøken Livredd og kjærligheten, teke utgangspunkt i i den nye teikna forteljinga Alltid beredt til å dø for mitt barn. Ho skal veldig snart verte mamma igjen og kan derfor ikkje komme til Oslo saman med dei andre tre denne maikvelden, men teikningane og røysta hennar er likevel med.

Singelkuttet: Tor Obrestad

Wergeland Litteraturhuset 2000-tallets mor i litteraturen

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!