Notatbok frå ein barndom er ei av dei vakraste, mest lysande barndomsskildringane i den latinamerikanske litteraturen. (César Aira)
Norsk-argentinske Norah Lange var ein pioner og nyskapar av den argentinske prosaen og også forfattar av Notatbok frå ein barndom, som landsmannen hennar César Aira held fram som ei av sitt kontinents fremste barndomsskildringar. Lange var òg sentral i det argentinske avantgardemiljøet i 1920- og 30-åra, eit miljø der òg storleikar som Horacio Quiroga og Jorge Luis Borges var med.
Langes Notatbok vart publisert for fyrste gong i 1937 og er ei samling visuelt sterke episodar, skildra som i glimt, som fotografi i svart-kvitt. Det sårbare barnet med vilje og eit klart blikk, utanforskap og på leit etter tryggleik.
Aira er sjølv ei av stjernene som skin sterkast på den argentinske litterære himmelen, og har ein omfattande og skatta forfattarskap bak seg. Denne kvelden kan ein få høyre Aira nærlese Langes forfattarskap. Kjartan Fløgstad, ein av dei norske forfattarane som oftast har bevega seg inn i det latinamerikanske litterære landskapet, held ei innleiing. Han har arbeidd med og skrive om Norah Lange og miljøet hennar i Buenos Aires.
14. september snakkar César Aira med Kristina Solum om hans siste utgjeving på norsk, Den rosa kjolen, Spøkelser og Festival.
[ENGLISH VERSION]
Friday, September 16. at 6pm, Kjelleren
Free
Norah Lange
Lecture by César Aira
Cuadernos de infancia (“Childhood Notebooks”) is one of the most beautiful and luminous childhood depictions in Latin American literature. (César Aira)
Norwegian-Argentinian Norah Lange was a pioneer and an innovator of Argentinian prose, and the author of Cuadernos de infancia (“Childhood Notebooks”), held by her countryman César Aira to be among the finest childhood depictions from his continent. Lange was also central to the Argentinian avant-garde circle of the 1920s and 30s, of which renowned writers such as Horacio Quiroga and Jorge Luis Borges were also part.
First published in 1937, Lange’s Notebooks is a collection of visually powerful episodes, depicted as if in glimpses, like a snapshot in black and white. The vulnerable child with determination and a perceptive eye, an outsider searching for safety.
One of the brightest stars on the Argentinian literary sky himself, Aira’s literary work is comprehensive and cherished. This evening, Aira will do a close reading of Lange’s literary work. Kjartan Fløgstad, one of the Norwegian authors that most often has moved into the Latin American literary landscape, will hold an introduction. He has studied and written about Norah Lange and her literary circle in Buenos Aires.
September 14., César Aira will talk with Kristina Solum about his most recent Norwegian publication, Den rosa kjolen, Spøkelser and Festival (“The pink dress”, “Ghosts” and “Festival”).
Kjelleren Litteraturhuset Føredrag ved César Aira