Med Sofia Estifanos
Kva er størst av ein klementin og ein appelsin? Kva er best av Marsipanbrød og Kvikk lunsj, og kven deler eigentleg ut påskeegga? Sofia Estifanos syng ofte «Ha det på badet» på barne-TV saman med høna Turid. No tek ho med seg ein heil masse spørsmål og legg ut på ein liten påsketur til Litteraturhuset for å få svar på alt ho lurer på. Maks seks på kvart lag, å jukse er heilt forbode også for dei vaksne, og det blir tipptopp premiar til vinnarane. Passar for heile familien.
Kjelleren Litteraturhuset