Rockepoeten

Åge Aleksandersen og Erlend Loe

Icon of a place

Icon of an id badge

Organised byLitteraturhuset

Fleire generasjonar nordmenn kan syngje med på rockeklassikarane «Lys og varme» og «Levva livet». Åge Aleksandersen har så til dei grader sunge seg inn i den norske folkesjela at me helst vil ha med songane hans både i bryllaup og i gravferd. Men kva er det med tekstane til Aleksandersen som gjer at dei treffer så midt i hjartet?

Aleksandersens gjennombrot kom med plata Levva Livet i 1984. Plata blei med sine 275 000 selde eksemplar den til då mestseljande plata i Noreg, og same år blei Aleksandersen kåra til Årets spelemann. Det var starten. Og no i haust, nærmare tjue år etter, blei han saman med nokre svært få andre spesielt utvalde innlemma i Rockheims Hall of Fame. Samstundes kjem ein ny biografi om ham, førd i pennen av Ole Jacob Hoel, der det mellom anna blir avslørt at begge dei tidlegare nemnde hittane låg an til å ende i søplekorga fordi Aleksandersen var usikker om melodi og tekst var bra nok. Heldigvis slapp dei unna.

Åge Aleksandersen møter ein annan tekstengasjert trønder når han tek turen til Litteraturhuset. Erlend Loe har levd med Åge Aleksandersen heile livet. No snakkar dei to
saman om Aleksandersens tekstunivers og om korleis ein skal gå fram for å finne dei orda og tonane som høyrer saman.

Wergeland Litteraturhuset Åge Aleksandersen og Erlend Loe

Andre anbefalte arrangementer

Sign up for our newsletter

Sign up for our weekly newsletter – and get exciting news and events in your inbox every week!