Tutomaten er historia om kompisane Reven og Griseungen. Dei har høyrt om ei maskin som seier tut tut om ein puttar inn ei tomflaske. Ei slik maskin vil dei byggje, men ho skal vere til fulle brusflasker som dei kan drikke opp! Dei vil ha slikkeri og godsaker med. Så dei lagar både sjokoladeskuff, tyggisklaff og kakefat på maskina. Så ventar dei… I dokkeframsyninga Tutomaten møter vi òg Kråka, Dåsemiklene, Kua og Fjompenissen. Framsyninga er basert på ei bok av Bjørn F. Rørv.
Tutomaten vert sett opp klokka 12.00 og 14.00 (/program/2010/11/tutomaten2.html).
Passar for barn frå to til sju år.
Berner-kjelleren Litteraturhuset Ei dokkeframsyning med Teater Joker