Fosse-fest!

Folkefest for å feire Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm!

Portrett av Jon Fosse
Foto: Agnete Brun

7.–10. desember inviterer Litteraturhuset og Det norske Samlaget til folkefest for å feire Jon Fosse og forfattarskapen hans i samband med Nobelpris-markeringa i Stockholm. Alt er gratis og ope for alle!

Hovudpersonen vil sjølv vere i Stockholm for å ta imot prisen denne helga, men Litteraturhuset blir fylt av program til ære for Fosse. Gjennom helga vil forfattarar og andre Fosse-fans dele sine favorittar og perspektiv på forfattaren og forfattarskapen hans, og han vil bli feira med samtalar, føredrag, musikk og fest for store og små.

Kafe Oslo diskar også opp med eigen spesiallaga Fosse-meny.

Fullt program