Forfattarmøte for VGS
I eit flyktningmottak i Nord-Norge møter vi to svært ulike afghanske gutar som blir nøydt til å bu på same rom. Etter kvart blomstrar det opp eit vennskap mellom de to gutane, og vi får eit innblikk i ei ungdomstid som er svært annleis enn den norske. Men det store spørsmålet er: Får dei bli i Norge?
Erlend Skjetne jobbar til dagleg med norskopplæring for flyktningar. Denne hausten har han skrive si første ungdomsbok om eit viktig og høgaktuelt tema. Det er 20 år sidan krigen i Afghanistan starta, og under ein månad sidan Taliban tok over styringa i landet.
Flyktningkrisa i Afghanistan har aldri vore over, men har på ny vorte aktualisert óg i Norge. Men korleis er eigentleg kvardagen for ein flyktning i Norge?
Vi har invitert forfattar og lærar Erlend Skjetne til å prate om den nye boka si Eit anna blikk, om flukt og Afghanistan.
Skolebesøket er tilpassa vidaregåande trinn, og varer i ca 45 minutt.
Det blir tre forfattermøter begge dagene torsdag 23. september og 24.september: kl. 9.30, kl. 10.45 og kl.12.00. Varighet cirka 45 minutter.
Gratis for påmelde skoleklasser.
Send e-post til skole@litteraturhuset.no for meir informasjon og påmelding.
Skolebesøka er støtta av Sparebankstiftelsen.
Litteraturhuset Wergeland Gratis med påmelding Skolebesøk For barn og unge