Forfattaren som vitne

Joyce Carol Oates i samtale med Linn Ullmann

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Joyce Carol Oates i samtale med Linn Ullmann

Grunna stor venta interesse er arrangementet flytta til Det norske teatret (Kristian IVs gate 8).

Joyce Carol Oates er ein av verdas mest kritikarroste forfattarar og blir hyppig nemnt som favoritt til Nobelprisen i litteratur. Det er ei storhending at ho no gjestar Noreg for første gong.

Joyce Carol Oates har markert seg som ein skarp observatør av det amerikanske samfunnet. Sjølv seier ho at ho ser det som forfattaren si plikt «å undersøke kjeldene til urett og å utforske konsekvensane av eit politisk system som utnyttar, og ein kultur som undertrykker, kvinner og minoritetar.» Oates skriv om rasisme, kvinneundertrykking, vald og sosial urett med politisk og historisk teft, kombinert med psykologisk innsikt og ein biletrik litterær presisjon. Ho stiller idealisme og draumar opp mot ein brutal røyndom. Uendeleg ømt skildrar ho menneska i ytterkanten, ofte unge, sårbare kvinner som samfunnet stillteiande aksepterer at fell utanfor og forsvinn.

I Mitt liv som rotte, omsett av Hilde Lyng, møter vi ungjenta Violet Rue, som blir forvist av sin eigen familie, etter å ha tysta på brørne sine for hatkriminaliteten dei har utøvd mot ein svart student. Fleire gonger har Oates skrive skjønnlitteratur med utgangspunkt i verkelege personar og hendingar. Svart vann som kom ut på norsk i 2019 i omsettinga til Tone Formo, er sterkt inspirert av Chappaquiddick-skandalen, der senator Edward Kennedy køyrde av vegen og ut i vatnet, den unge kvinna som var passasjeren hans døydde, og han sjølv forlet åstaden.

Den amerikanske nestoren har gitt ut til saman meir enn hundre bøker, i dei aller fleste sjangrar. Ho er professor i skrivekunst ved Princeton University og har vore ein viktig litterær mentor for eit utal forfattarar, som Jonathan Safran Foer og Mohsin Hamid. Når Litteraturhuset presenterer Oates for første gong i Noreg, skjer det på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I samtale med forfattarkollega Linn Ullmann diskuterer ho den omfangsrike forfattarskapen sin, og eit langt skriveliv vigd litteraturen si verknadskraft.

Litteraturhuset Engelskspråklige arrangement Det Norske Teatret https://billett.detnorsketeatret.no/nn-NO/events/forfattaren%20som%20vitne/2020-5-25_19.00/hovudscenen Arrangementet er dessverre avlyst pga Covid-19

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!