Skulebesøk for mellomtrinnet
Kva skal ein bruke pengane på når ein vinn 24 millionar i lotto? Ein gravemaskin, ei golfbane, ei reise til Mars? Frank og Mor bestemmer seg for at dei skal gi bort ein million til den i bygda som er snillast. Men korleis bestemmer dei kva som er snilt? Og kva om konkurransen gjer folk mindre snille i staden for meir?
I Snillionen, som vann Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur i 2017, har Arnfinn Kolerud skrive historia om Frank, Mor og snillionen. No kjem han til Litteraturhuset for å fortelje om kva det tyder å vere snill, og om ein kan vere god når ein også er rik.
Det blir forfattarmøte for 5.-7. trinn måndag 1., tysdag 2., onsdag 3. og torsdag 4. april kl. 9.30 og 12.00 alle dagar. Møta varer om lag 45 minutt. Påmelding til skole@litteraturhuset.no (mailto:skole@litteraturhuset.no).
Litteraturhuset Wergeland Skolebesøk For barn og unge Forfattermøter våren 2019 Fulltegnet