TV-programleiaren Allis Nordavatn forlèt mann og jobb etter ein offentleg sex-skandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Fyrst ser ho den nye situasjonen som ein ny start, men etter kvart mistar ho det opphavlege prosjektet av syne. Insisteringa på at det ikkje skal vere kontakt mellom arbeidsgjevaren og Allis, blir etter kvart unaturleg. Bagge gløymer ofte sin eigen instruks, og dei drikk vin og samtalar utover natta. Neste morgon gjenopprettar han så det formelle forholdet.
Agnes Ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord og er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.
Litteraturhuset Snikkikk med Agnes Ravatn