Siri Hustvedt (født 1955) er amerikansk forfattar med norske foreldre, busett i Brooklyn, New York. Dei tre tidlegare romanane Med bind for øynene (1992), Lily Dahls fortryllelse (1997) og Det jeg elsket (2002), samt essaysamlinga En bønn for Eros (2007), er alle utgjevne på norsk.
I haust kjem hennar fjerde roman, Når du ser meg. Hustvedt brukar sine eigne opplevingar i historiene, legg hendingane til stader ho kjenner godt og hovudpersonane liknar ho sjølv. I Når du ser meg møter vi den fråskilde psykiateren Erik Davidsen. Erik er einsam, faren er død og kona har reist frå han. Erik lever mellom einsame menneske som ikkje er i stand til å trøyste kvarandre, og lurar på kor mykje som eigentleg er mogeleg å vite om eit anna menneske. Siri Hustvedt møter du i samtale med journalist Hege Duckert.
Opplesar: Andrine Sæther
FORESTILLINGEN ER UTSOLGT. SAMTALEN VIL BLI OVERFØRT TIL NEDJMA, 3. ETG. INNGANG DER ER GRATIS OG DET ER FØRSTEMANN TIL MØLLA.
Wergeland Litteraturhuset Siri Hustvedt i samtale med Hege Duckert