Det er haust, og kakkerlakken må finne fram frakken sin. Den er grøn og ikkje fin, og alt før ho tek på seg frakken, er kakkerlakken trist. Ho likar ikkje hausten, ho likar sumaren og varmen. Kan ho få vere med sola når ho kjem på ei av dei korte vitjingane sine? Kvar kan ho finne lys og glede når hausten har teke sola og fargane? Det er Martine Grande som har laga forteljinga om kakkerlakken, og historia har blitt film òg. No er det klart for kakkerlakkstund i Kjelleren, og den passar for barn frå tre år.
Kjelleren Litteraturhuset Med Martine Grande