Laurdagsforedrag våren 2019
Er forbrukarmakta reell? Bør vi byte ut kjøt med avokadoar frå Chile, og korleis kan det ha seg at både kjøtforbruket og matsvinnet aukar trass i alt me etter kvart veit? Kva politikk har skapt den situasjonen me har i dag, og kva alternativ finst?
Som forbrukar er det vanskeleg å vite kva informasjon ein skal stole på når det gjeld å ete på ein klimavenleg og berekraftig måte. Samstundes kan ein seie at det er stor semje på Stortinget om korleis ein ønskjer å utvikle norsk landbruk vidare. Er ikkje det eit paradoks?
I foredragsserien «Matpolitikk for dummies» ser me nærare på norsk landbruk og matvareproduksjon:
4.05: Forbrukarmakt for dummies v/ Siri Helle
11.05: Norsk fiskeripolitikk for dummies v/ Jahn Petter Johnsen
25.05: Kjøtt, klima og biomangfold for dummies v/ Christian Anton Smedshaug
1.06: Landbrukspolitikk for dummies v/ Espen Løkeland-Stai
5.06: Strategidiskusjon: Matpolitikk, med Svenn Arne Lie, Hildegunn Gjengedal og Maria Lavik
Foredraga vert haldne kl. 15.00 utvalde laurdagar og er del av satsinga Folkeopplysning på Litteraturhuset.
I foredragsserien «Matpolitikk for dummies» våren 2019 ser me nærare på norsk landbruk og matvareproduksjon. Litteraturhuset Gratis