Mellomalderen er lang. Frå 500 år etter Kristus og heilt fram til det blir renessanse ein gong rundt 1500. Munkar i kloster, vikingar på tokt. Kva musikk spela dei på havet og ved hoffa? Kva versefot valde dei for å hugse heltedådane før trykkjekunsten vinn terreng og renessansen tek over? Og korleis fann dei eigenleg fram til å lage fleire stemmer i dei gregorianske songane?
Idéhistorieprofessor Trond Berg Eriksen har mellom anna gjort djupe dykk i diktinga til Dante Alighieri. No held Eriksen fram Litteraturhusets vinter- og vårserie om kulturhistoriske epokar.
Arrangementet er ein del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som blir presentert i samarbeid med DNB.
Wergeland Litteraturhuset Føredrag ved Trond Berg Eriksen