Forfattar Aina Basso er utdanna historikar og legg ofte handlinga i bøkene sine til andre historiske epokar. Ho har skrive for både ungdom og vaksne, og for den førre romanen sin, Inn i elden, vart ho nominert til mellom anna Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok. Boka følgjer livsløpet til to unge jenter som på ulikt vis blir råka av hekseprosessane som herja Noreg på 1600-talet. No er Aina Basso aktuell med boka Heksejakt, som er ei faktabok om hekseprosessane i Europa. Kva seier hekseprosessane om Noreg og dei andre europeiske samfunna på den tida? Og korleis er det mogeleg at kvinner blir brende som hekser i andre land i verda den dag i dag?
Det blir forfattarmøte måndag 17., tysdag 18. og onsdag 19. oktober kl. 9.30, kl. 10.30 og kl. 12.00.Forfattarmøtet varer i 45 minutt. Påmelding til ida@litteraturhuset.no (mailto:ida@litteraturhuset.no)
Kjelleren Litteraturhuset Skulebesøk for ungdomsskulen