Open dialog

Møte med Paal-Helge Haugen

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Han debuterte med hundre haikudikt, og då han var 23, skreiv han Noregs fyrste punktroman, Anne. Sidan den gongen har han i tillegg til lyrikk laga både kyrkjemusikk, spel og operaer, og han vert i dag rekna som ein av Noregs viktigaste forfattarar.

Paal-Helge Haugen likar å gå sine eigne vegar og har heile tida arbeidd tett med andre forfattarar, biletkunstnarar og musikarar. Og det er nettopp denne viljen til å vere i dialog som kjenneteiknar arbeida hans. Ikkje berre brukar han andre kunstartar som samtidsmusikk og teater i verka sine. Han nyttar seg òg av historia og dokumentariske tekstar, attåt kanoniske litterære verk som Dante og Bibelen.

Då han gav ut Kvartett 2008, hadde han ikkje publisert noko mellom stive permar på elleve år, og dei fire diktbøkene som utgjer kvartetten, fekk ei overveldande mottaking. Kritikaren i Aftenposten kalla utgjevinga ein litterær milepåle, og Haugen fekk både
Aschehougprisen og Gyldendalprisen. På Litteraturhuset talar Paal-Helge Haugen med forfattar og litteraturkritikar Alf Kjetil Walgermo om livet som fleirstemd kunstnar, og kvifor han trur vegane i forfattarskapen hans har gått der dei har gått.

Etter samtalen kan du lytte til verket A. – ein skuggeopera (50 min.) som Haugen har laga saman med komponist Cecilie Ore. Ho kjem og fortel om ideen og samarbeidet, før vi avrundar kvelden med nettopp skuggen av ein opera.

Kjelleren Litteraturhuset Møte med Paal-Helge Haugen

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!