Denne kvelden er mikrofonen på Litteraturhuset open for alle. Spirande forfattarar kan lesa eller opptre i inntil tre minutt, og DJ99, alias Guttorm Andreasen, set stemninga både før og etter lesingane. Litteraturhuset arrangerer denne kvelden Open mikrofon for åttande gong. Opplesarane har vore mellom sytten og nittifire år, og alle tenkjelege sjangrar har vore representerte. Alle kan vera med, men fyrstemann til mølla! Påmelding éin time før arrangementet tek til.
Velkomen til fullt hus, litterært påfyll og fest ut i natta med DJ99 og Club Kwassa Kwassa (/program/2010/05/clubkwassakwassa.html).
Berner-kjelleren Litteraturhuset Har du noko på hjarta?