I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.
Oskar og eg fekk Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2023
Møt forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens, som les, forteljar og teiknar frå boka.
Det blir forfattarmøte mandag 29. og tysdag 30. januar.
Begge dato tre klokkeslett: 9.30, 10.45 og 12.00. Varighet cirka 45 minutter.
Gratis for påmelde skuleklassar via denne lenka
For meir informasjon eller spørsmål, send e-post til skole@litteraturhuset.no
Skulebesøka er støtta av Sparebankstiftelsen.