Med Malin Hellebø
Korleis ville du gått fram om du ønskte deg kjærast og til dømes var ei geit? Og om du var ein kjempeakkar: Kva hadde du vore villig til å gå gjennom for å komme deg til det årlege kjempefellesmøtet, den einaste sjansen for å finne ein passande make? Kva med strutsedamene: Lèt dei seg sjarmere når sjefshanen skifter hudfarge frå brungrå til glødande raud?
Malin «Dyre-Malin» Hellebø frå NRK Super har gitt ut boka Dyras beste sjekketriks, som har fine teikningar av Camilla Kuhn. No fortel ho noko av det ho veit om kjærleikslivet til dyra i Litteraturhusets sakprosaserie «Så rart?».
Passar for barn frå seks år.
Litteraturhuset Kjelleren barn frå 6 år Så rart? For barn og unge