Pia Strømstad og Flu Hartberg
Alle må vi gå på do, men veit du kva du gjer når du må bæsje på ein ubåt eller i eit jagarfly? Visste du at ein kan bruke bæsjen til smarte ting, og at dronningar i gamle dagar kunne bæsje medan dei sat ved bordet og åt middag?
Forfattar Pia Strømstad tek oss med på Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie. Ho kjem på besøk for å fortelje ting du heilt sikkert ikkje visste om bæsj, og illustratør Flu Hartberg teiknar på tavla.
For barn frå seks år.
Litteraturhuset Kjelleren Barn frå seks år Så rart? For barn og unge