ARRANGEMENTET ER UTSOLGT.
Han har teikna sirklar i mange år no, Carl Frode Tiller. Jaktar på David, han som ikkje hugsar, som kanskje har blitt funnen av politiet, eller kanskje heile greia berre er eit kunstprojekt.
Sju år etter fyrste band kjem tredje bok i Innsirkling-trilogien, og på vegen har Tiller mellom anna vunne Tarjei Vesaas’ debutantpris, Kritikerprisen og blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Samtalar med svarte understraumar, situasjonar som blir endra av eit blikk, ein kommentar, familiemedlemer som ofte søkjer forståing og kommunikasjon, men likevel endar med å støyte kvarandre ut i det ytste mørkret.
Tiller går tett på, og heile tida endrar han rammene for det som blir fortalt. Kameraet blir flytta, ny forteljar, nytt blikk, historia blir kasta rundt og opna opp igjen, slik at ein kontinuerleg må nøste og leite etter ei røynd og sanning som i Innsirkling 1, 2 og 3 er mange ting samstundes.
Korleis maktar Tiller å skildre dysfunksjonelle familiar, overgrep, svik mot medmenneske og seg sjølv med så stor sympati og varme? Og korleis er det mogeleg at me alle sit og kjenner oss att, veit at dette er menneske vi har i eigne liv, i oss sjølve, at det er vår eiga jakt på kjærleik og forståing? Carl Frode Tiller snakkar med psykiater og forfattar Finn Skårderud om kunsten å teikne sirklar.
UTSOLGT Litteraturhuset Carl Frode Tiller og Finn Skårderud