I byrjinga av oktober kjem tolvte boka om Svein og rotta. Den tek Marit Nicolaysen med seg når ho kjem på besøk til Litteraturhuset i opningsveka.
I boka Svein og rotta feirer jul på landet er dei to venene nok ein gong i hardt vêr: No blir dei tvinga til å feire jul på ein gard på landet saman med lamaer, ein slem julenisse og ei tante som ikkje likar rotter. Marit Nicolaysen er kjend som ein god formidlar som veit korleis ho skal få til bra samtalar med dei unge lesarane sine.
Nedjma Litteraturhuset Marit Nicolaysen les