Anna Fiske er ei tydeleg stemme i teikneserielandskapet, og har laga forteljingar om mellom andre den ville farmora si, Kaktusjenta og Palle Puddel. På teikneserieverkstaden til Litteraturhuset fortel ho først om korleis ho arbeidar for å skape historier, og så blir det teiknegym for varme opp musklane. Når gymmen er unnagjort, er det tid for å lage striper av dei gåtene og vitsane som barna liker best. Verkstaden er for barn mellom åtte og ti år, og kostar 200 kronar per barn. Det er berre 15 plassar. Påmelding til astrid@litteraturhuset.no.
Nedjma Litteraturhuset med Anna Fiske