Bli med når Ragnar Hovland, Cathrine Grøndahl og Ingelin Røssland kastar dikt opp i lufta. Kanskje Ragnar les om grisen som står og hyler i den stille kvelden, og Cathrine finn fram eit av sine sprelske prinsessedikt? Heilt sikkert er det i alle fall at Ingelin les om den vesle krabben som manglar ei klo, og så er det nokon som lurer på kva som skjer dersom han manglar eit bein òg. Og så blir det masse andre korte, lange, tøffe og rare barnefestdikt. Dessutan spelar tusenkunstnar Jon Øystein Flink på instrument, tryllar, lagar lyddikt og er programleiar samstundes.
Arrangementet er en del av Barnas poesidag. Se oversikt over alle arrangementer her (https://litteraturhuset.no/program/?serie=Barnas%20poesidag).
Wergeland Litteraturhuset Barnediktfest