Utrenskning

Sofi Oksanen møter Vigdis Hjorth

Icon of a place

Icon of an id badge

Arrangert avLitteraturhuset

Finsk-estiske Sofi Oksanen har vakt stor oppsikt dei seinaste åra, både i litterære krinsar og hos det store lesande publikumet. Debuten Stalins kyr tok for seg eteforstyrringar så vel som historie, samfunnstilhøve og kvinneroller i dei to heimlanda til forfattaren. Både Aftenpostens og NRKs kritikarar utropte Oksanen til noko i nærleiken av årets debutant, og sa det slik: «Oksanen har et språklig driv og intensitet som er helt på høyde med Sarah Stridsbergs Drømmefakultetet. Det ryker av sidene, ordene hamres ut. Dette er stor litteratur.»

Hennar tredje bok, Utrenskning spenner ut eit breitt lerret i estisk etterkrigshistorie og fortel om to kvinner som møtest på 1990-talet – ei tid då ein framveksande mafia får fotfeste og dei baltiske landa utviklar eit stort prostitusjonsproblem. Med Utrenskning, som er i ferd med å bli omsett til tjuefem språk og no kjem på norsk, oppnådde Oksanen noko ingen finsk forfattar har gjort før henne: å vinne finsk litteraturs to høgste utmerkingar, Finlandiaprisen og Runebergprisen, for éi og same utgjeving. Den yngste Finlandiaprismottakaren gjennom tidene vart ho òg.

«Norden har fått ein stor, ny forfattar», sa NRKs meldar Marta Nordheim, noko som spegla seg att i nominasjonane til Nordisk Råds litteraturpris i år der Utrenskning er på lista. Vigdis Hjorth kalla Stalins kyr «sjeldan vakker og intens» og roste forfattarens «freidige ordstraum». Ho er klar til å møte nordisk litteraturs nye stjerneskot denne kvelden.

Amalie Skram Litteraturhuset Sofi Oksanen møter Vigdis Hjorth

Andre anbefalte arrangementer

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt ukentlige nyhetsbrev – og få spennende nyheter og arrangementer i innboksen hver uke!